Om VestVision


Om VestVision:


Kompetanse
Det har variert mellom 2 og 4 årsverk i verksemda. I dag er det ein fast tilsette; Ole Fretheim. Han har 5 år med film- og TV- utdanning bak seg både frå inn og utland, erfaring frå presse, 10 års fartstid i NRK og har arbeidd i Vest Vision sidan starten i 1986. Etter behov knyter vi til oss freelancearar og har etterkvart opparbeidd eit nettverk av folk å samarbeide med når vi treng å utvide staben. Opptaks- og redigerings- utstyret er av god kringkastingskvalitet. Vi kan leverer masterteip på Betacam SP og DVCAM. På omfattande produksjonar leiger vi inn både personell og utstyr etter behov. I etterarbeidsfasen samarbeidar vi ofte med komponistar, lyddesignerar og videografiske formgjevarar. Vest Vision er komplett leverandør av video frå idé til ferdig program.

Arkiv
I løpet av 15 år har vi bygd opp eit rikhaldig opptaksarkiv som femner om det meste. På meir enn 2000 teiper har vi opptak frå Afrika i sør til Finnmark i nord. Vestlandet har vi i dei fleste stemningar, både frå kyst, fjord og bre, - av smelteverk, skipsbygging, fiske, oppdrett og mykje anne.

Kvalitet
Vest Vision har heilt frå starten satsa på kvalitet. Eit av våre fremste mål har vore å konkurrere i landstoppen. Gjennom fleire utmerkingar på nasjonale video og filmfestivalar har vi fått stadfesta at vi kan måle oss med dei beste. Ei særskild heider var det når vi hausten 1996 blei tildelt pris for beste norske presentasjonsprogram på Gullruten. "Kampen for livet." produserte vi for Norsk Villakssenter i Lærdal.

TV
Vi er eit uavhengig produksjonsselskap. Vi har god kontaktflate inn mot TV- stasjonane og blir ofte brukt til filmoppdrag og redigering. Fleire av våre filmar og dokumentarprogram har vore kringkasta på norske og utanlandske TV-kanalar.

 

Linker
-Hyttegruppe

 





Velkomen

   Vest Vision har fått ny    heimeside!
   Takke for at de såg innom.
      Sida er under oppbygging,       så etter kvart blir den meir       fyldig. Om du ikkje fann det       du er ute etter, send meg ein    email

   Førde, 2001,
   Ole Fretheim,
   dagleg leiar.













Nøkkelinformasjon

   VestVision AS
   Runnen 8A
   PB 419,
   N- 6801 Førde
  
   Tel:       578 23177
   Fax:      578 20504

   Org.nr:  235461  
   
   post@vestvision.no